Enivest søkjer trainee som forretningsutviklar

Enivest er det største IKT-selskapet heimehørande i Sogn og Fjordane.

Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområdet. Enivest arbeidar aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester.

Selskapet har i dag 48 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider: www.enivest.no

Kven er du?

  • Du har bachelor eller mastergrad og eit ønske om å gjere ein innsats innanfor eit av våre fagmiljø: Telekom, IKT, nettverk, systemutvikling, programmering, kundeservice, sal, økonomi, marknad, HR, forretningsutvikling
  • Du er ein engasjert og framoverlent person som ynskjer å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar

Kva kan vi gje deg som Trainee?

  • Vi kan gje deg ein spanande start på karriera di i eit innovativt og lærerikt miljø. 
  • Du får eigen mentor som syter for de faglege og personlege utvikling. 
  • Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetjing.

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Pågangsmot og glimt i auget er eit stort pluss. 

Kandidaten vil ta del i Framtidsfylket Trainee sitt traineeprogram frå august 2018 til august 2019. Programmet inneheld blant anna 4 faglege fellessamlingar med dei andre traineeane i fylket og ein studietur til utlandet.


For eventuelle spørsmål om Trainee-stillinga, ta kontakt med: 

Stig Myrmel, mobil: 9705 4379

Søknadsfrist: 01.03.2018


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

Hnyqqus76cea7noz7cti

Enivest

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Stig Myrmel