Sogn og Fjordane Energi søkjer trainee innan digitalisering og IKT

Fornybar energi er framtida, og Sogn og Fjordane Energi (SFE) si kjerneverksemd. Med base i fjordfylket er SFE ein viktig aktør innan produksjon, distribusjon og sal av straum. Med ei digital framtid i møte ser vi etter deg som er ein kreativ teknolog i starten av karriera, og som ønskjer å vere trainee i SFE-konsernet.

Vi søkjer deg som har

  • Bachelor eller mastergrad innan relevante fag, med maksimalt tre års arbeidserfaring
  • God forståing for analyse, teknologi og digitalisering
  • Evne til å forstå korleis vi kan nytte teknologi og tilgjengelege data som grunnlag for å bli betre, meir effektive og sjå nye forretningsmogelegheiter

Du er som person

  • Nysgjerrig, engasjert og initiativrik
  • Analytisk, strukturert, målretta og oppteken av å levere resultat
  • Oppteken av ny teknologi, trendar og presentasjonsformer
  • Likar å samarbeide, og er god til å kommunisere på tvers av fagområde

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Arbeidsoppgåver

Dei ulike selskapa i konsernet har fleire store FoU-prosjekt knytt til digitalisering, dei fleste samlar eller produserer store mengder data, og vi vil no skape meirverdi ut av denne datamengda. Som trainee på IKT-utvikling vil du arbeide aktivt opp mot desse prosjekta, og hjelpe fagmiljøa våre til å nytte innsamla data meir aktivt gjennom analyse, visualisering og presentasjon av informasjon, mønster og trendar i interne og eksterne data.

Du vil arbeide i grenseflata mellom "moteorda" Big Data, smart drift, smart produksjon, smarte nett og smarte hus. Di interesse for teknologi, utvikling, analyse og presentasjon er like viktig som kva fagområde du kjem frå, men domenekunnskap er likevel ein viktig faktor.

Du vil få arbeide mykje sjølvstendig, og må vere initiativrik og drivande for det du held på med, samtidig som at god kommunikasjon og godt samarbeid på tvers av fag og avdelingar vil vere svært viktig for at vi skal lukkast med å få den nye teknologien til å bli del av kvardagen vår. 

Tilsetting:
Du vil bli tilsett på avdeling for IKT-utvikling i morselskapet vårt, og arbeide tett opp mot alle dei tre verksemdsområda våre, produksjon, nett og kraft.

Oppstart: August 2018


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.

M9xomcoquvctjjp5chee

Sogn og Fjordane Energi

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Erling Sande