Melin Medical søkjer trainee innan fleire spennande fagfelt

Melin Group består av Melin Medical og Melin Collectors og er eit internasjonalt konsern med verksemd i Norge, Sverige og Danmark. Vi leverar betalings- og administrasjonsløysningar til helsesektoren og løysingane våre let helsepersonell frigjere tid til deira viktigaste oppgåve – å behandle pasientane. Melin Collectors er Norges leiande inkassoselskap for handtering og oppfølging av uteståande fordringer i helsesektoren. På fem år har selskapet vokse frå å levere 10 til over 1400 løysingar som effektiviserar nordisk helsevesen og vi handterar over 50.000 transaksjonar kvar dag.

Organisasjonen består av offensive og engasjerte medarbeidarar, og no søkjer vi nettopp deg til å vere med oss på reisa vidare!

Kva skal du jobbe med?

Vi er eit selskap i vekst og ser etter ein person som har kunnskap om og er motivert til innsats innan eit eller fleire områder som

  • Jus
  • Kommunikasjon
  • Finans
  • Internasjonalisering
  • Forretningsutvikling

Kven er du?

  • Du er nyutdanna eller har vore eit par år i arbeidslivet
  • Du er stolt av fagkompetansen din og er fagleg sterk
  • Du er kvalitetsbevisst og ambisiøs
  • Du tek initiativ og har sterk gjennomføringsevne

Om du i tillegg har et smil på lur og eit engasjement som smittar – då vil vi gjerne høyre frå deg!

Som Framtidsfylket Trainee får du

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til 
  • Fire traineesamlingar og ein utanlandstur

Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee

  • Minimum bachelor eller mastergrad
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
  • Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg

Kvar skal du jobbe?

Hovudarbeidsstaden er Sandane, men vi har eit stort kontor i Oslo og trur at du er tent med å reise litt slik at du vert kjent med vår bedrift på best mogleg måte.


Tilsetjing: august 2018 til august 2019

Lønn etter avtale


Kontaktinformasjon: Ingvill Hestnes, tlf: 900 77 877, e-post: ih@melinmedical.com


NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket.
Dersom du ikkje har brukar kan du registere deg her.


Vycctys7azmiiyj0lxfg

Melin Medical

Søknadsfrist

1. mars 2018

Søk stilling

Kontaktpersonar

Ingvill Hestnes