Vi søkjer etter miljøterapeut og lærar

Sunde skule har 185 elevar frå 1.-7. klasse. Satsingsområda våre er læringsmiljø, grunnleggande dugleikar og digital læring.

Vi har fylgjande ledige vikariat:

Miljøterapeut, sak 17/2769 

Vi styrkar personalet med nye faggrupper for å kunne  jobbe systematisk med elevar med behov for ekstra oppfølging sosialt og fagleg. Stillinga følgjer skuleåret og kan bli utvida med arbeid i SFO/leksehjelp. Den er ledig frå snarast og til og med 31.07.2018 og kan bli forlenga.

Krav til søkjar:

  • utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog, førskulelærar eller spesialpedagog
  • må kunne takle utfordrande situasjonar og jobbe sjølvstendig omkring elevar som har behov for særskilt oppfølging fagleg og sosialt

 

Lærar, sak 17/2770

I denne stillinga vil du jobbe på fleire steg. Den er i utgangspunktet ledig frå 08.01.2018 til og med 31.07.2018. men kan bli ledig tidlegare.

Krav til søkjar:

  • utdanning som allmennlærar med variert fagkrets

For begge stillingane ynskjer vi oss søkjarar som:

  • samarbeider godt med kollegaer, elevar, foreldre og leiing
  • er utviklingsorienterte og fleksible

Søknad:

Du søkjer med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje saksnr.

 

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

29. oktober 2017

Kontaktpersonar

Anne Finsveen Midtbø