Frisklivskoordinator

Vi har ledig 100 % fast stilling som frisklivskoordinator frå 1.jan 2018. Stillinga er med atterhald om finansiering.

Stillinga vert etablert etter ein prosjektfase, og satsinga vert ein del av kommunen sitt førebyggande folkehelsearbeid. Frisklivsarbeidet er ein del av Fritt fram i Førde. Fritt fram er ei samordning av kommunen sitt tilbod innan  friskliv og frivilligheit. Vi søkjer etter ein person som kan koordinere, drifte og vidareutvikle tilbodet.   

Arbeidsoppgåver:

  • ansvar for koordinering, intern organisering og utvikling av Frisklivssatsinga
  • gjennomføre og dokumentere helsesamtalar
  • undervisning/kurs for deltakarar og samarbeidspartnarar om relevante temaer
  • følgje opp og gjennomføre aktivitetar ute og innendørs
  • elektronisk dokumentasjon
  • samarbeide med offentlege, private og frivillige aktørar

Krav til kvalifikasjonar:

  • relevant helse- og/eller idrettsfagleg utdanning på høgskulenivå
  • kompetanse og erfaring frå helsefremjande førebyggande arbeid og frisklivsarbeid

Vi søkjer etter deg som:

  • er kreativ og initiativrik
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å inspirere og motivere

Arbeidet vil i hovudsak føregå på dagtid, men det må påreknast noko arbeid på ettermiddag/kveld.

Søknad:

Du søkjer med vårt elektroniske søknadsskjema. Oppgje sak nr. 17/2767.

Opu7b8uj3s1pbxr9glab

Førde kommune

Søknadsfrist

29. oktober 2017

Kontaktpersonar

Lena Sørensen