Personalansvarleg

Vår personalsjef skal gå av med pensjon, og vi søkjer difor etter ein ny person som kan ta ansvar for oppgåver knytta til personalleiing og løn i våre selskap.

Vi har i løpet av 2017 fått ansvar for fleire nye bedrifter, og vi arbeider difor med ein gjennomgang av arbeidsfordeling og ansvar. I denne gjennomgangen kan det bli endringar i arbeidsinnhald, også
for stillinga som personalansvarleg.

Bedriftene som er omfatta av stillinga som personalansvarleg representerer totalt ca 200 årsverk fordelt på heilårs- og sesongtilsette.

ARBEIDSOPPGÅVENE VIL GJELDE FØLGJANDE BEDRIFTER:

  • Hotel Alexandra AS
  • Hotel Loenfjord AS
  • Loen Active AS
  • Hoven Restaurant AS
  • Loen Eigedomsselskap AS
  • Hoven Loen AS (Loen Skylift)

HJÅ OSS VIL DU ARBEIDE MED:

  • Rekruttering, introduksjon og tilsetjingskontrakter.
  • Lærlingordninga
  • Lønsforhandlingar og bistand i personalsaker
  • Kontroll, føring og utbetaling av løn
  • Bidra til vidareutvikling av organisasjonen

VI SØKJER EIN PERSON MED:

  • Leiarerfaring og erfaring med personaladministrasjon
  • Gode kunnskapar om lover og avtaleverk i arbeidslivet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode engelskkunnskapar

Lønsregistrering går gjennom Tidsbanken, som er integrert med Aditro lønssystem og Visma Global økonomisystem.

Søknadsfrist: 25. september 2017
Startdato: 1.februar 2018

Utfyllande oplysningar om stillinga får du ved å ta kontakt med hotellsjef Ingri Grov Kämpf, tlf. 90 92 10 82, mailadresse: ingri@alexandra.no

Søknad sendast Hotel Alexandra v/ Ingri Grov Kämpf innan 25. september 2017

Kvmjr4bvoiafc89cb1qg

Hotel Alexandra

Søknadsfrist

25. september 2017