Vikariat som sjukepleiar ved SKei heimeteneste, 100% 13.11.17 - 21.10.18

Jølster heimeteneste Skei har ledig 100% vikariat som sjukepleiar i perioden 13.11.17 - 21.10.18Helse- og omsorgssektoren i kommunen er i ein utviklingsprosess, og vi treng fleire nye medarbeidarar i tenestene våre. Institusjonsomsorga i kommunen er samla og ny kortidsavdeling med plassar for rehabilitering, lindring, observasjon og avlastning er på plass. I einingane har vi fokus på at dei tilsette skal få nytte sin kompetanse på best mogleg måte og det vert lagt til rette for god fagutvikling i eit godt fagmiljø. Kommunen har prosjekt innan velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og nye dag - aktivitetsplassar.
Kommunen har god barnehagedekning, to skular, fleire fritidstilbod og ein vakker natur å boltre seg i. Vi er hjelpsame med å skaffe bustad.


Vi søkjer medarbeidarar som har:bachelor i sjukepleie
fordel med erfaring
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
har evne til å være fleksibel og motiverande
har sertifikat


Menn vert oppmoda om å søkje


Vi kan tilby:rekruteringslønn for sjukepleiarar og vernepleiarar: kr. 30 000,- pr. år (0 – 6 års ansiennitet) over garantiløn
god opplæring
ein trygg og god arbeidsplass, der du i fellesskap er med og skapar eit godt arbeidsmiljø
bruk av tenestebilar i jobben


Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Vitnemål og attestar vert etterspurd i intervju. Det er krav om politiattest ved tilsetjing.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Finn Ove Arnes, tenesteleiar heimetenestene Jølster kommune.
Tlf:     57 72 64 72
Mob: 47 65 35 20
E-post: finn.ove.arnes@jolster.kommune.no


Søknad sendast via vårt elektroniske søknadssenter på www.jolster.kommune.no