Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

FAQ - Framtidsfylket Trainee

Kva opptakskrav er det for å bli trainee? Kva skil ein trainee frå ein vanlig tilsett? Kva for bedrifter er med? Under har vi svart på typiske spørsmål om Framtidsfylket si Traineeordning.

Kva inntakskrav er det for å bli trainee?
Alle med fullført bachelor eller mastergrad, har maks tre års arbeidserfaring etter endt studie og beherskar norsk som arbeidsspråk.

 

Korleis er programmet bygd opp?

Som trainee deltek du på fire fellessamlingar i løpet av året – kvar gong op ein ny plass i fylket. På samlingane er det fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambuilding, aktivitetar og eigenutvikling. I tillegg vert du kjend med næringsliv og friluftsliv i Sogn og Fjordane. Vi reiser også på ein studietur til Brussel i april/mai for å studere relasjonar mellom Sogn og Fjordane og EU.

 

Kva er ein mentor?
Ein mentor er ein person i bedrifta di som følgjer deg opp og de set saman opp ein utviklingsplan i starten av året. Mentoren kan også samanliknast med ein fadder i bedrifta di.

 

Kva er forskjellen på ein trainee og ein vanlig tilsett?
Ein trainee har eit skreddarsydd stilling i bedrifta ein er tilsett i. Du får ein eigen mentor som skal følgje deg opp, de skal saman bli einige om ein utviklingsplan, og du vil få innsyn i bedrifta på ein annan måte enn ein vanlig tilsett.

 

Er det forskjell på ein lærling og ein trainee?
Ein lærling er ein person som er i praksis i løpet av utdanninga si. Ein trainee er ein person som er ferdig utdanna med fersk kompetanse som er klar for arbeidslivet. Å vere trainee inneber at ein får oppleve enda meir på traineeåret og får ein snarveg inn i arbeidslivet. Les meir om bakgrunn og arbeidsoppgåver til traineekullet 2016/17 her.

 

Kva gjer ein på traineesamlingane?
Det vert arrangert fem samlingar i løpet av året, ofte frå onsdag til fredag, der fire av dei er på ulike stader i fylket og ein er lagt til utlandet. På samlingane er det fokus på nettverksbygging, bedriftsbesøk, bli kjend med næringslivet, – men viktigast av alt er personlig utvikling. Dette er ofte i kombinasjon av eksterne foredragshaldarar eller workshops, erfaringsutveksling og samtalegrupper. I tillegg er det viktig å bli godt kjend i traineegruppa, ha det kjekt ilag og fleire utandørs aktivitetar.

 

Kva er fordelane med å vere trainee?
Som trainee får du sjå meir av bedrifta di enn ein vanlig tilsett. Du får bli med på fleire arrangement i fylket, blir kjend med næringslivet og har ein glimrande moglegheit til å bygge eit solid nettverk. I tillegg til eit unikt program for sjølvutvikling får du også eit innblikk i fleire bransjar og næringar – både gjennom bedriftsbesøk, presentasjonar og gjennom dei andre traineeane.

 

Kva kompetanse må ein ha for å verte trainee?
I tillegg til dei generelle krava til å vere trainee er det bedriftene sjølve som bestemmer kva kompetanse dei søkjer. Dette varierer frå år til år, – alt etter som kva for bedrifter som ynskjer å bli med og kva kompetanse dei treng. Her kan du bli betre kjend med traineekullet 2016/17.

 

Kor lenge varer traineeperioden?
Traineeåret startar i august kvart år og varer i tolv månader. Etter endt traineeperiode er det opp til traineen og bedrifta å bestemme om ein ynskjer å fortsette eller avslutte arbeidsforholdet.

 

Kva er lønna som trainee?
Lønna er opp mot normal løn for nyutdanna. I tillegg får ein eit skreddarsydd opplegg i bedrifta, fire traineesamlingar og ein utanlandstur.

 

Er ein tilsett i Framtidsfylket?
Traineeane er tilsett i dei ulike traineebedriftene. Framtidsfylket marknadsfører og organiserer traineeordninga og traineesamlingane.

 

Korleis søkjer eg? 
Du søkjer ved å logge inn/registrere deg på miside.framtidsfylket.no. Her kan du lagre søknaden som kladd eller sende inn. Om du har sendt inn søknad, men ynskjer å endre den må du slette den og starte på nytt (anbefalar å kopiere teksten før du slettar). Søknadsfristen er 1.mars kvart år.

 

Når får eg svar på søknaden min?
Søknadfristen på traineestillingane er til 1.mars, fyrst då får bedrifta tilgang til søkjarane. Deretter startar bedriftene tilsetjingsprossen og tilsetjer sin trainee før sommaren.

 

Kva er sjansen for fast tilsetjing i etterkant?
Bedrifta tilbyr eitt års tilsetjing, men ofte vert dette forlenga etter endt traineeår.

 

Andre spørsmål? Kontakt oss gjerne på post@framtidsfylket.no

Footer