Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Delta på karrieremesser

Delta på karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen.

Kvart år arrangerer Framtidsfylket eigne karrieremesser for bedrifter frå Sogn og Fjordane i Trondheim, Oslo og Bergen. Sogn og Fjordane har eit mangfaldig næringsliv og ein stor variasjon av arbeidsplassar innan offentleg og privat sektor. Diverre er det altfor få som kjenner til kva karrieremulegheiter som finst i Sogn og Fjordane.

Framtidsfylket Karrieremesser har vore arrangert årleg sidan 2007. Dei fleste bedrifter har ein langsiktig strategi på sitt rekrutteringsarbeid, og mange har god erfaring med å vere synleg på desse messene kvart år. Vi får stadig tilbakemeldingar frå bedrifter som fann rett kandidat etter deltaking på karrieremesse.

Vi er overtydde om at mykje handlar om at bedriftene må stikke seg meir fram. Ingen vel det dei ikkje veit om, og som regel er det to personar som skal ha jobb. Difor må vi her i Sogn og Fjordane arbeide godt i lag – synleggjering i fellesskap vil gagne oss alle. 

Footer