Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Bli traineebedrift

Har bedrifta di behov for fersk kompetanse?
Bli traineebedrift i Sogn og Fjordane sitt regionale traineeprogram.

Sogn og Fjordane har eit mangfald av karrieremulegheiter å by på, men altfor få er klar over kva som finns. Ingen vel noko dei ikkje veit kan veljast! Vi er overtydde om at mykje handlar om synleggjering – synleggjering i fellesskap.

Ønskjer di verksemd å ha trainee i neste års kull?

Kontakt Gro Rukan – epost: gro@framtidsfylket.no så kjem vi raskt attende med info om prisar og meir detaljar om kva det inneber å vere traineebedrift.

Gjennom traineeordninga får bedrifta di tilført ny kompetanse med bachelor- eller masterutdanning innan eit fagområde de treng. Vi marknadsfører traineestillingane i ei rekkje utdanningsinstituasjonar over heile landet for å sikre oss dei beste kandidatane innan alle fagfelt.

Om traineeordninga

Framtidsfylket Trainee er eit velrennomert og viktig verkemiddel for å synleggjere Sogn og Fjordane som ein spennande stad å jobbe og bu i. Traineeordninga vart etablert i 2004, og til no har over 150 traineear vore gjennom programmet. Ordninga tiltrekker seg kandidatar med høg kompetanse, gir god integrering og aukar tilflytting til fylket. Traineeordninga gir positive ringverknadar for involverte verksemder, og er med på å styrke omdømmet til bedrifter og samarbeid verksemdene imellom.

Bli ein ettertrakta arbeidsgjevar

Å vere traineebedrift gjer bedrifta ettertrakta blant nyutdanna jobbsøkjarar. Ei traineebedrift tilbyr unge arbeidstakarar ei «krydra», spesialsydd stilling og deltaking i eit større nettverk med likesinna frå andre verksemder. Det gir fortrinn i kampen om dei beste kandidatane. Framtidsfylket sitt traineeprogram er attraktivt for dei som ønskjer seg eit springbrett til karriere.

Kva inneber det å vere traineebedrift?

I korte trekk: Bedrifta tilbyr eitt års tilsetjing for nyutdanna med bachelor- eller masterutdanning. Kva fagområde stillinga omfattar er opp til bedrifta. Det er som regel stor variasjon i fagkompetanse og utdanningsbakgrunn blant traineeane. Traineeprogrammet går over eitt år, frå august til august. Tilsettingstidspunkt er som regel august same år, men det kan variere noko. Intensjonen er å tilby traineeane fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode.

Vilkåra for å bli trainee:

  • maks tre års arbeidserfaring
  • bachelor- eller masterutdanning
  • beherske norsk munnleg og skriftleg

Kontakt oss (helst) innan 31.oktober om bedrifta er interessert, har spørsmål eller ynskjer eit møte.

Gro Rukan, gro@framtidsfylket.no, 913 21 392

 

Footer