Veidekke Entreprenør AS Hovedbilde
Veidekke Entreprenør AS

Veidekke Entreprenør AS

Vangestadvegen 6, Kaupanger Industriområde

http://www.veidekke.no

sandane@veidekke.no

Kontakt

Christine Aagård Midthjell

sandane@veidekke.no

91612897

Om oss

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar og eigedomsutviklarar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, utviklar bustadprosjekt, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 38 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 100 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs, og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.

«Veidekke – lokalt nærvær, skandinavisk styrke».

Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kunder. Verksemda byggjer bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,6 milliarder (2020) og verksemda har kring 3 000 ansatte, der 1700 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane utfører bygg- og anleggsoppdrag innan alle kontraktsformer, med vekt på total-, hovud- og samspelsentrepriser. Våre referanseprosjekt famner om både kjøpesenter, bustad- og næringsbygg, offentlege bygg, signalbygg, kraftverk og dammer. Verksemda i Sogn og Fjordane vert leia frå kontoret i Sogndal, og vi har avdelingskontor i Førde, på Sandane og i Volda. Veidekke Bygg har 75 tilsette i Sogn og Fjordane, og ein omsetning på kring 350 millioner kroner. Distriktsleiar er Rune Karlsen.

Ledige stillingar:

http://www.veidekke.no/jobb

Det beste med å jobbe med oss

I Veidekke ynskjer vi oss menneske som gjer kvarandre gode. Vi legg stor vekt på samspel mellom dei tilsette og ser at nøkkelen til å lukkast er den same uansett kvar vi er og kva vi gjer. Vi skal skape eit arbeidsmiljø der det er naturleg å gjere sitt beste.

Veidekke Entreprenør AS Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Tømrarar Førde/Sunnfjord Sunnfjord Fulltid 10-09-2021