Sunnfjord Miljøverk IKS Hovedbilde
Sunnfjord Miljøverk IKS

Sunnfjord Miljøverk IKS

Einestølen

https://www.sum.sf.no/

post@sum.sf.no

Kontakt

Min Qiong Lin-Andenæs

post@sum.sf.no

46945146

Om oss

Sunnfjord Miljøverk (SUM) har kanskje eit av dei mest givande samfunnsoppdraga i Sunnfjord (meiner vi sjølv). Vi er eit renovasjonsselskap som samlar inn avfall i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune.

Givande? Korleis kan det vere så givande? Jo, fordi at avfall er ikkje lengre berre avfall. Avfall er ein ressurs, og vi ser på korleis vi kan nytte mest mogleg av avfallet vi får inn, og bruke det på nytt. Også kalla sirkulærøkonomi.

Derfor er det viktig at abonnentane våre er flinke på å sortere avfallet sitt riktig. Å hjelpe dei med det, er også ei viktig oppgåve vi i SUM har.

Full fart framover

På gjenvinningsstasjonane våre jobbar det mange kjekke folk som kan fortelje deg korleis du skal sortere riktig. Der har vi ei «byttebu», der du kan du sette ifrå deg ting du ikkje lengre har bruk for, og så kan nokon andre ta det med seg heim. Heilt gratis. Fint, sant?

Hos oss skjer det utruleg mykje, og vi får stadig nye krav til strengare sortering for å nå FN sine klimamål. Det betyr at vi heile tida må utvikle oss og sjå framover mot nye løysingar, noko som gjer jobben ekstra spennande.

Vi har det fint på jobb

Sunnfjord Miljøverk har eit dotterselskap som heiter SumTrans, der sjåførane våre er tilsett. Dei køyrer rundt i krikar og krokar for å hente søppel, og køyrer det vidare til Einestølen, der hovudanlegget vårt er. Det ryktast at dette er ein jobb dei trivast med, noko vi sjølvsagt er glade for å høyre.

Administrasjonen vår har kontor i Førde sentrum, men dei tek hyppige turar innom gjenvinningsstasjonane for å sitte tett på «der det skjer».

Og ja, vi har vaflar på fredagar (og dei er gode!)

Sunnfjord Miljøverk IKS Kulturbilde

Ledige stillingar