Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvaltaren i Vestland

Njøsavegen 2

https://www.statsforvalteren.no/vestland/

fmvlpersonal@statsforvalteren.no

Kontakt

Siri Beate England

fmsfsbe@statsforvalteren.no

57643024

Om oss

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar. Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Det beste med å jobbe med oss

Vi er ein arbeidsplass i utvikling og har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø. Hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag som gir brei erfaring og gode kunnskapar om offentleg forvaltning.

Ledige stillingar