Sparebanken Sogn og Fjordane Hovedbilde
Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane

Langebruvegen 12

http://www.ssf.no

personal@ssf.no

Kontakt

Lillian Fauske Loen

lillian.loen@ssf.no

578 29 700

Om oss

Sparebanken Sogn og Fjordane er meir enn bank. Vi trur på verdien av å skape dei gode kunderelasjonane og på det å vere nær. Som største sparebank i Sogn og Fjordane kan vi tilby deg jobb innan mange spennande fagområde – kreditt og finansiering, sparing og plassering, elektronisk betalingsformidling, valuta og valutahandel, finans, økonomi- og risikostrying, IT, juss, marknadsføring og HR.

Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi veks nasjonalt og forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåve - og sponsormidlar.

Kven er vi?
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner, og er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi har nær 280 tilsette fordelt på 14 kontor i Sogn og Fjordane og Bergen.

Det beste med å jobbe med oss

Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Arbeidsmiljø - Sparebanken Sogn og Fjordane er ein innovativ og framtidsretta bedrift. Heile 20% av banken sin tilsette jobbar innan utvikling og teknologi. Som tilsett i banken vil du vere ein del av eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde. Vi kan tilby mykje gøy på jobben, spennande prosjekt, vidareutdanning og gode personal- og pensjonsordningar. I tillegg har vi hytteordning for tilsette både på fjellet, i byen og i utlandet.

Likestilling - Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi i landstoppen på kjønnsbalanse, derav del kvinner i leiarstillingar er 42%. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.

Kunnskapsdeling - utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Vi kan tilby støtte til utdanning og kurs. Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere prega av ein kultur basert på læring, utvikling, samarbeid og open kommunikasjon.

Sparebanken Sogn og Fjordane Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Banksjef privatmarknad Indre Sunnfjord Sunnfjord Fulltid 09-09-2021