Sogn og Fjordane Næringsråd Hovedbilde
Sogn og Fjordane Næringsråd

Sogn og Fjordane Næringsråd

PEAK Sunnfjord, Hafstadvegen 25
6800 Førde

https://www.sf-n.no

bjorn@sf-n.no

Kontakt

91777488

Om oss

Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN) ein medlemsorganisasjon med brei medlemsmasse frå små og store bedrifter i Sogn og Fjordane. Det er Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane som er initiativtakarane til foreininga som vart stifta i november 2016.

Vår viktigaste oppgåve er å fremme næringsinteresser og inspirere til å bruke ressursane i fylket for å oppnå størst mulig verdiskaping. Det er stort behov for å synleggjere mangfaldet, attraktiviteten og krafta vi har i næringslivet vårt. Her skal Sogn og Fjordane Næringsråd bidra gjennom å legge til rette for nettverksbygging kunnskapsdeling og samhandling på viktige område. Vi skal også være ei synleg og tydeleg stemme frå regionen i strategisk viktige saker.