Prestebøen 2
6809 Førde
http://www.nynorskmediesenter.no
nynorskmediesenter@nrk.no
577 24 242
Journalistopplæring
NRK Nynorsk mediesenter er eit opplæringssenter for meir nynorsk i media. Senteret har vore i drift sidan 2004 og held til i lokala til NRK Sogn og Fjordane i Førde. Senteret er ein del av organisasjonsstaben i NRK.
Søknadsfristar 15. april og 15. oktober
Vi tek inn fem nynorskpraktikantar i halvåret, med start i januar og august.
Nynorskpraktikantane får ei svært praktisk opplæring, med mykje praksis og lite teori. Dei er fire månader i Førde og to månader i ekstern praksis i ulike redaksjonar, i og utanfor NRK.
Praktikantane får løn under opplæringa, men har korkje bindingstid eller garanti om arbeid i NRK etterpå. I snitt arbeider 62% av dei som har gått her i media.
Vi leitar etter
Nynorskbrukarar som ynskjer å bli journalistar i radio, fjernsyn og på internett. Dei må vere engasjerte, samfunnsorienterte og språkleg medvitne.
Tilsette:
Magni Øvrebotten – leiar
Brit Jorunn Svanes – faglærar
Rune Fossum Lillesvangstu - faglærar