Næringshagen i Ullensvang AS

Næringshagen i Ullensvang AS

Smelteverket 57, 5750 Odda, Norge
5750 Odda

https://www.nhullensvang.no/

post@nhullensvang.no

Kontakt

post@nhullensvang.no

536 71 500

Om oss

Næringshagen i Ullensvang har hovudkontor i Odda, Ullensvang kommune, i flotte lokaler på Smelteverkstomta. Selskapet har i dag tre tilsette som har ein svært variert og spennande kvardag! Saman har me eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, der me nyttar kvarandre sine styrkar til det beste for kundar og samarbeidspartnarar. Me sit i kontorfellesskap med fleire andre bedrifter. I tillegg har me kollegaer i Hardanger og Voss næringshage. Dette gjer at me både har fordelane av ein liten og lokal organisasjon og eit større fellesskap med mangfold.

Vårt formål er å bidra til vekst i den enkelte bedrift og i næringslivet som heilskap. Næringshagen i Ullensvang er ein nøytral part og bistår næringslivet og kommunen med næringsrelaterte spørsmål. Selskapet er eit AS og vert eigd hovudsakeleg av lokale verksemder og personar.

Næringshagen tilbyr etablerarteneste for gründarar og eksisterande verksemder med nye initiativ, samarbeidar tett med næringsforeiningane Hardanger Industri, Ullensvang reiseliv, Ullensvang handel og Hardanger siderprodusentlag. Me er arrangør og medarrangør på store og små arrangement som blant anna Hardanger internasjonale siderfest, Yrkes- og utdanningsmesse og Hydrogensymposiet mm.

Ullensvang og Hardanger har eit mangfaldig næringsliv, der både industri, reiseliv og landbruk står sterkt. Godt samarbeid og fokus på nye moglegheiter pregar alle næringane og gjev spennande moglegheiter for framtida.

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Forretningsutvikler Ullensvang Fulltid 29-06-2022