Luster kommune

Luster kommune

Rådhusvegen 1
6868 Gaupne

http://www.luster.kommune.no

postmottak@luster.kommune.no

Kontakt

576 85 500

Om oss

Luster kommune ligg ved Sognefjorden og har om lag 5000 innbyggarar. I kommunen finn ein naturperler som Jostedalsbreen, Jotunheimen og Breheimen, og det er svært gode vilkår for friluftsliv.

For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor vorte ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige.

Næringslivet er variert og spenner frå tradisjonelt landbruk til mange moderne industriverksemder og stadig meir variert servicenæringar. Luster er ein kraftutbyggingskommune med god og velordna økonomi.

Kommunen har eit aktivt kulturliv. Det er full barnehagedekning, ein desentralisert skulestruktur, ein aktiv regional musikkskule, idrettshall, bade- og symjeanlegg, vintersportssenter og mykje meir.

Kommunesenteret Gaupne ligg om lag 25 minuttar køyretid frå utdannings- og regionsenteret Sogndal.


Velkommen til Luster!



Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Arealplanleggjar Luster Fulltid 22-09-2021
Leiar Grandmo miljøteneste Luster Fulltid 22-09-2021