Hyllestad kommune Hovedbilde
Hyllestad kommune

Hyllestad kommune

Lifjordvegen 7

http://www.hyllestad.kommune.no

elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no

Kontakt

Elin Garnes Solås

elin.garnes.solas@hyllestad.kommune.no

57789504

Om oss

Hyllestad kommune er ein koselig, liten kystkommune plassert på nordsida av Sognefjorden. Vi er ca 1.300 innbyggjarar, fordelt hovudsakleg på stadane Hyllestad, Leirvik og Sørbøvåg.

Hyllestad har ein fantastisk fin natur, og vi kan rusle i fjæra eller ta turen til fjells på eit av dei mange fine toppane i kommunen. Lihesten er ein ynda fjelltopp å besøke, eit landemerke på vestlandskysten.

Kommunen har eir godt og kvalitetssikra barnehagetilbod, grunnskule 1-10 klasse, sfo, musikk- og kulturskule. Vi har ny idrettshall der vi mellom anna kan utøve mange forskjellige idrettar, hallen fungerer òg som kultursal.

Hyllestad er kjend for sin omfattande produksjon av kvernstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Kvernsteinsparken er eit utandørs museum i dei største steinbrota frå vikingtida. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen. Mest kjend i dag er nok skipsverftet Havyard.

Er du glad i natur, frisk luft, fjell og fjord - så er Hyllestad plassen å bu! Her har vi det godt!

Det beste med å jobbe med oss

Hyllestad kommune sin visjon er "Inkluderande og attraktiv".
Vi jobbar etter visjonen vår i alle einingar.

Vi har triveleg arbeidsplassar og mange dyktige medarbeidarar.

Hjarteleg velkomen til oss i Hyllestad!

Hyllestad kommune Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Løn- og stabsmedarbeidar Fulltid 21-03-2024