Gosh pgp as Hovedbilde
Gosh pgp as

Gosh pgp as

Røyrgata 4, Fosshaugane Campus, 6856 Sogndal
6856 Sogndal

http://www.pgp.no

ole@pgp.no

Kontakt

952 42 159

Om oss

Lokalisering:

Gosh pgp held til 14 meter frå hjørneflagget på Campus Sogndal og er den største profilleverandøren i Fjordfylket! Etter å ha sagt eit friskt "go' mårn!" til 3000 studentar, kjem du inn til våre fletta nye lokale på Campus, der du finn ein gjeng med motiverte og drivande dyktige profilentusiastar. Det kan vere du må drøfte Sogndal sin siste kamp med sjefen før du startar dagen, med så er vi i gang!

Me har som mål å vere førstevalet til alle som ønskjer å bli synleg. Me har våre lokale planta godt ned i det pulserande fotballmiljøet og eit mylder av studentar på Campus i fruktbygda Sogndal. Me elskar å vere med masse folk og diggar å ete lunsj med 3000 andre kvar dag!

Gosh:

Med den landsdekkande kjeda GOSH! i ryggen har Gosh pgp alle dei beste verktøya og rutinane i bransjen. Me har digitale løysingar som effektiviserer sal og drift for både dei største og minste kundane.

Våre produkt:

Pgp sitt vareutval er i hovudsak strøartiklar, profilklede og gåveprodukt. Me leverer ALT som du kan finne på å setje logoen din på! I vårt enorme sortiment har me mange kjende merkevare som Craft, Twentyfour, Kosta boda, Stanley, Helly Hansen, Rosendahl, Kâhler og mange fleire.

Satsingsområde:

Gosh pgp ønskjer å styrke vår digitale kompetanse og treng nye medarbeiderar som ønskjer å jobbe med oppsøkande sal kombinert med effektive digitale løysingar. Me ønskjer å tilby smarte nettbutikkar både til eingongskundar, faste- og storkundar.

Satsingsområde II:

Gosh pgp har starta prosessen med å bli ISO-sertifisert! Med oss på laget ønskjer me tilsette som brenn for å gjere det me kan for miljøet, og for at vår drift skal vere berekraftig og miljøvenelg.

Vår visjon er "Gosh pgp skapar profilglede"

Våre kjerneverdiar:

ÆRLEG - for å skape tillitt og lojalitet

NYSGJERRIG – vågar å være i endring

TILGJENGELEG - rotfast og engasjert i fjordfylket

Gosh pgp as Kulturbilde

Ledige stillingar