Aksello AS Hovedbilde
Aksello AS

Aksello AS

Strandgata 52

https://aksello.no/

post@aksello.no

Kontakt

Lone Bareksten

lone@aksello.no

47262635

Om oss

Aksello er eit næringsutviklingsselskap som har som hovudmål å skape og sikre arbeidsplassar igjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Vi er næringsutviklar for Kinn kommune som inneber å administrere 1. linjetenesta, dei Kommunale Næringsfonda og leie prosjekt som sikrar og bidreg til styrking og utvikling av det lokale næringslivet.

Aksello er ein av Siva sine inkubatorar og kan dermed bidra til utviklinga av framtidas vekstverksemder i regionen. For å sikre eit innovativt og aktivt miljø for utvikling i vår region ynskjer vi å skape eit attraktivt miljø for nyetablerarar og etablert næringsliv.

Vi har mest merksemd på kystbasert næring, men inkubatoren og miljøet vårt er opent for alle typar næringar.

For å skape grobotn for eit veksande og aktivt næringsliv søkjer og driv Aksello fleire ulike næringsutviklingsprosjekt, både lokalt og regionalt.

Det beste med å jobbe med oss

Vil du arbeide i eit innovativt og spennande utviklingsmiljø?

Aksello har tre forretningsområder; kommunal næringsutvikling, inkubasjon og næringsutviklingsprosjekt. I tillegg ynskjer vi å tilrettelegge for gode møteplassar for næringslivet saman med forsking og akademia.

I tillegg til dei faste stillingane i Aksello, har vi eit tett samarbeid med forskjellige eksterne rådgjevarar. Dette er vi avhengige av for å kunne levere rett kompetanse på rett stad både til inkubatorbedriftene og i prosjekta våre. Vi er opptatt av å utvikle økosystemet vårt og sikre eit godt nettverk som dreg i same retning som oss.

Vi har klare målsetningar for resultata vi ynskjer å oppnå og jobbar både i høve langsiktige perspektiv og dei meir kortsiktige for å oppnå måla våre.

Til tider kan det vere hektisk og mykje som skjer på ein gong, og vi må heile tida prioritere oppgåvene våre etter tilgjengelege ressursar. Uansett er det veldig kjekt å få jobbe med utvikling og innovasjon, samt bistå og sette igang prosessar som gjev resultat.

Aksello AS Kulturbilde

Ledige stillingar

Type Stilling Stad Tilsettingsform Publiseringsdato
Rådgjevarar og prosjektleiar Kinn Fulltid 27-08-2021