Missing caption
Aksello AS

Aksello AS

Magnus Thingnes gate 1
6905 Florø

www.aksello.no

post@aksello.no

Kontakt

Lone Bareksten 47262635

lone@aksello.no

47262635

Om oss

Aksello er eit næringsutviklingsselskap som har som hovudmål å skape og sikre arbeidsplassar igjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Vi er næringsutviklar for Kinn kommune som inneber å administrere 1. linjetenesta, det Kommunale Næringsfondet og leie prosjekt som sikrar og bidreg til styrking og utvikling av det lokale næringslivet.

Aksello er ein av Siva sine inkubatorar og kan dermed bidra til utviklinga av framtidas vekstverksemder i regionen. For å sikre eit innovativt og aktivt miljø for utvikling i Sogn og Fjordane administrerar vi også ein eigen «idelab».

For å skape grobotn for eit veksande og aktivt næringsliv søkjer og driv Aksello fleire ulike næringsutviklingsprosjekt, både lokalt og regionalt.


Det beste med å jobbe med oss

Vil du arbeide i eit innovativt og spennande utviklingsmiljø?

Aksello har fire forretningsområder; kommunal næringsutvikling, inkubasjon, næringsutviklingsprosjekt og gode møteplassar for næringslivet, det offentlege og akademia.

Aksello har vore næringsutviklingsaktør og handtert førstelinjeteneste for Flora kommune 15 år. Aksello ynskjer å legge til rette for lokal næringsutvikling og sikre regionalutvikling på tvers av kommune- og fylkesgrenser.