Stad kommune

Stad kommune blir ein ny kommune med om lag 10 000 innbyggjarar frå 1. januar 2020. Kommunen ligg lengst nord i Vestland fylke. Innanfor ein time finn du ein bu-, arbeids-, og serviceregion med 40 000-50 000 menneske. Vi byggjer ein ny kommune med sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig utvikling.

Den nye kommunen strekk seg frå storhavet i vest til fjord og fjell i aust. Kommunesenteret Nordfjordeid har alt du treng i eit kompakt og særmerkt tettstadmiljø. Stadtlandet ligg som ein knyttneve ut mot det barske Stadhavet. Ved kysten vil du også finne lune viker, kritkvite sandstrender og idylliske øyer. Kommunen har eit unikt kulturlandskap, eit flott turterreng, alpinanlegg på Harpefossen og fantastiske surfemoglegheiter i Hoddevika. 

Stad kommune er vertskommune for Malakoff rockfestival, som årleg samlar tusenvis av unge og gamle på den gamle eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum.

Operahuset Nordfjord er eitt av få operahus i Noreg. Operahuset inviterer til kino, teater, dans, messer og mykje meir. Opera Nordfjord set opp opera, operetter og musikalar fleire gongar i året.

Stad kommune har ei rik historie. Selje kloster, den eldste kyrkjestaden i Noreg, ligg på øya Selja. Klosteret er eit gamalt pilegrimsmål og eit religiøst knutepunkt langs kysten.

Sagastad viten- og opplevingssenter på Nordfjordeid fortel historia om eitt av dei største vikingskipfunna i Noreg, Myklebustskipet. 

Stad kommune er del av merkevara Nordfjord - Alt i ein fjord. Følg lenka for å lese meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane i vakre Nordfjord.

Velkommen til Stad kommune!




Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.