Ztzng0tgcmjaianvt42l

Highsoft AS

Highsoft AS er lokalisert i Vik i Sogn. I dag er det 25 tilsette som jobbar med programmering, sal og administrasjon. I tillegg har vi eit teknisk supportteam i Krakow.

Då Highcharts vart lansert i 2009, var dette eit av dei første diagramverktøya utvikla i HTML5 som gjorde det lett for webutviklarar å publisere diagram utan å vere avhengig av Flash-teknologi.

Aukande bruk av smarttelefonar og nettbrett har ført til stor etterspurnad etter programvare i HTML5. Highcharts vart eit populært diagramverktøy mellom anna fordi det har eit godt utvikla grensesnitt.

I februar 2017 har Highsoft seld lisensar til over 80 av dei 100 største selskapa i verda.

Highsoft er marknadsorientert og nye funksjonar og produkt vert utvikla basert på tilbakemeldingar frå den globale marknaden.

Våre produkt

Highcharts, Highstock, og Highmaps er programmeringsverktøy utvikla i JavaScript.
Highcharts er ein enkel måte å lage dynamiske og interaktive grafar på. Med Highstock kan ein lage grafar som i tillegg har tidslinje og avanserte navigasjonsmoglegheiter. Highmaps er ein kart-komponent optimalisert for oppretting av skjematiske kart . Alt er bygd på det brukarvenlege Highchartsgrensesnittet som gjer det enkelt for webutviklarar å implementerte diagram i sine webprosjekt.

Highcharts Cloud er eit verktøy bygd på den solide teknologien bak Highcharts. I Highcharts Cloud har vi laga eit brukargrensesnitt som let personar utan programeringsbakgrunn enkelt lage grafar som dei kan publiserast på nettsider, bloggar, intranett og liknande.

Knnpnqypcxf3ky6vgcvz