Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken er til for gründerar og bedrifter med gode forretningsidear – men som treng hjelp til å lukkast.

Vi deltek aktivt i kommersialisering av forretningsidear og er ein del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA. Vi tilbyr gründerar oppfølging og rådgiving innan alle aspekt av forretningsutvikling. I tillegg koplar vi dei med andre innovative gründerar og relevante kompetanse- og forskingsmiljø. Kunnskapsparken veit at finansiering er ein viktig del i kommersialiseringsprosessen, difor har vi god kontakt med kapitalmiljø som kan være med å løfte bedrifta til nye høgder.

Våre tilsette har lang og brei kompetanse innan næringsutvikling og kommersialisering av forretningsidear. Vi er prosjektleiar og bidragsytar i utviklings- og samarbeidsprosjekt, og kan hjelpe med å skaffe finansiering til FoU-prosjekt.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.