Accountor - Økonomi Sogn as

Vik kontorteneste vart etablert i 1989. Den opprinnelege forretningsidéen var å vera ein samarbeidspartner for andre næringsdrivande i Vik og omegn når det gjeld alle slags kontortenester. Dette har gjennom åra utvikla seg til at det i dag er rekneskap og tilhøyrande tenester som er hovedprodukta våre.

Frå september 2014 er det juridiske namnet vårt Økonomi Sogn as.

På kontoret i Vik er me er tre autoriserte rekneskapsførarar og fire rekneskapsmedarbeidarar, og på kontoret i Balestrand er me tre autoriserte rekneskapsførarar og ein rekneskapsmedarbeidarar som alle har lang erfaring og god kompetanse innan:

- rekneskap/økonomistyring/løn

- bedriftsrådgjeving og bedriftsetablering

- administrasjon og forretningsførsel

Vårt mål er Samarbeid for auka lønsemd.

Me har gjennom åra opparbeidd oss mykje kunnskap og gode arbeidsmetodar for rekneskap og økonomistyringsrutinar. Kvalitetssikring er eit viktig nykkelord i denne samanhengen. Me er alltid på jakt etter dyktige medarbeidarar som likar å telja, har engasjement for jobben sin og som brenn for kundane våre.

Accountor - Økonomi Sogn as er tilslutta Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening (no Regnskap Norge) og me har samarbeidsavtale med Norges Bondelag. Me har vore franchisetakar i Accountor sidan 2010 og marknadsfører oss under namnet Accountor Sogn.

Cqddtuhmdqid0hyjb8vd