Veidekke Entreprenør AS

Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar og eigedomsutviklarar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, utviklar bustadprosjekt, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 36 milliardar kroner, og halvparten av dei 8 600 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs, og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot. «Veidekke – lokalt nærvær, skandinavisk styrke». Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kunder. Verksemda byggjer bustader, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 13,1 milliarder (2018) og verksemda har kring 3 100 ansatte, der 1 800 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar. Veidekke Bygg Sogn og Fjordane utfører bygg- og anleggsoppdrag innan alle kontraktsformer, med vekt på total-, hovud- og samspelsentrepriser. Våre referanseprosjekt famner om både kjøpesenter, bustad- og næringsbygg, offentlege bygg, signalbygg, kraftverk og dammer. Verksemda i Sogn og Fjordane vert leia frå kontoret i Sogndal, og vi har avdelingskontor på Sandane og i Volda. Veidekke Bygg har 75 tilsette i Sogn og Fjordane, og ein omsetning på 250 millioner kroner. Distriktsleiar er Rune Karlsen.

Ledige stillingar:

I Veidekke ynskjer vi oss menneske som gjer kvarandre gode. Vi legg stor vekt på samspel mellom dei tilsette og ser at nøkkelen til å lukkast er den same uansett kvar vi er og kva vi gjer. Vi skal skape eit arbeidsmiljø der det er naturleg å gjere sitt beste.

http://www.veidekke.no/jobb

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.