Norges vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte landet sine vass- og energiressursar. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvenleg forvalting av vassdraga, fremje ein effektiv kraftomsetnad, kostnadseffektive energisystem og medverke til effektiv energibruk. Direktoratet har ei sentral rolle i beredskapen mot flaum og leiar den nasjonale beredskapen i kraftforsyninga. NVE er engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingssamarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi. NVE har hovudkontor i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. I tillegg har NVE ansvar for fjellskredovervakinga som er lokalisert i Kåfjord og Stranda. Til saman er vi 600 tilsette med tverrfagleg kompetanse. NVE er eit direktorat underlagt Olje- og energidepartementet.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.