Norconsult AS

Norconsult AS er med sine over 3800 tilsette Norges største fleirfaglege rådgjevar retta mot samfunnsplanlegging og prosjektering. Vi leverer tenester nasjonalt og internasjonalt knytt til bygg og eigedom, energi, industri, miljø, olje og gass, samferdsel, samfunnsplanlegging, sikkerheit, vatn og avløp. Selskapet er eigd av dei tilsette. Hovudkontor er i Sandvika, og det er meir enn 90 andre kontor i Noreg og utlandet.

Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal og Årdal. Vi utfører tenester innan areal- og byplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, industri/maskin (prosess), kraftverk, VVA (veg, vatn, avløp), brannteknikk, byggje- og anleggsteknikk, VVS, elektro, landmåling, byggjeleiing og prosjektadministrasjon. Vi har i dag over 60 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.

Norconsult, lokalt og landet elles, er på jakt etter ingeniørar, landskapsarkitektar og andre med tilsvarande kunnskap. Saman skapar vi verdiar!

Ta kontakt for meir info om ønskjeleg.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.