Aksello AS

Aksello er eit næringsutviklingsselskap som har som hovudmål å skape og sikre arbeidsplassar igjennom bedriftsetableringar og styrking av eksisterande næringsliv.

Vi er næringsutviklar for Flora kommune som inneber å administrere 1. linjetenesta, det Kommunale Næringsfondet og leie prosjekt som sikrar og bidreg til styrking og utvikling av det lokale næringslivet.

Aksello er ein av Siva sine inkubatorar og kan dermed bidra til utviklinga av framtidas vekstverksemder i regionen. For å sikre eit innovativt og aktivt miljø for utvikling i Sogn og Fjordane administrerar vi også ein eigen «idelab».

For å skape grobotn for eit veksande og aktivt næringsliv søkjer og driv Aksello fleire ulike næringsutviklingsprosjekt, både lokalt og regionalt. 

Eigarsamansetninga i Aksello er om lag 23% offentleg eigarskap (Flora kommune og SIVA med likt eigarskap) og om lag 77% som er eigd av private verksemder.