Distriktssenteret

Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) er ei statleg verksemd som skal ivareta nasjonale oppgåver i distrikts- og regionalpolitikken. Senteret har tre avdelingar plassert i Alstahaug, Sogndal og Steinkjer, alle med landsdekkande oppgåver. Direktøren har kontorstad Steinkjer. Distriktssenteret skal inspirere til lokal utvikling. Dette gjennom å bygge og dele kompetanse og erfaringar frå utviklingsarbeid, formidle utviklingstrekk og utfordringar i distrikts-norge og vere ein bidragsytar for lokale, regionale og nasjonale myndigheiter.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.