TINE Meieriet Byrkjelo

TINE Meieriet Byrkjelo er eit moderne meierianlegg som produserer kvitost og brunost. Total behandla mjølkemengde er ca 130 mill liter pr. år. Det er totalt 160 tilsette tilknytta anlegget. Anlegget ligg i Byrkjelo, 18 km frå kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune. Kommunen har eit variert næringsliv, god barnehagedekning, eit rikt kulturliv, eit aktivt barne-og ungdomsarbeid og ein natur med stort mangfald av friluftsaktivitetar. I kommunen, som har ca. 5.800 innbyggjarar, er det m.a. vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunen har også flyplass med fleire daglege samband til Oslo og Bergen.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.