Vestlandsforsking

Vestlandsforsking er eit regionalt forskingsinstitutt med 25 tilsette. Vi er lokaliserte i Fosshaugane Campus i Sogndal. Vestlandsforsking utfører forsking, utviklingsarbeid og utgreiingar på oppdrag frå offentleg sektor, næringsliv og forskingsråd. Oppdraga omfattar både regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, mellom anna fleire store EU-prosjekt. Vestlandsforsking gir deg stor fridom i utforming av eigen arbeidsplass, men i eit godt samarbeid med, og med god hjelp frå, kollegaer. Du får stor fridom til reising, internasjonalt prosjektarbeid og vidareutvikling av eigen kompetanse. Vi kan tilby spennande arbeidsoppgåver i eit stort miljø gjennom Fosshaugane Campus (over 500 arbeidsplassar og fleire tusen studentar og elevar). Sogndal tilbyr varierte muligheiter for friluftsliv både sommar og vinter. I det nye bygget finn du mellom anna ein av dei beste og største klatreveggane i Noreg og eit topp moderne idrettsanlegg.

Qr3yty7t5hjzgf8sm5dm