Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane er meir enn bank. Vi trur på verdien av å skape dei gode kunderelasjonane og på det å vere nær. Som fylkets største sparebank kan vi tilby deg jobb innan mange spennande fagområde – kreditt og finansiering, sparing og plassering, elektronisk betalingsformidling, valuta og valutahandel, finans, økonomi- og risikostrying, IT, juss, marknadsføring og HR.


Korleis er det å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane?

Arbeidsmiljø - Sparebanken Sogn og Fjordane er ein innovativ og framtidsretta bedrift. Heile 20% av banken sin tilsette jobbar innan utvikling og teknologi. Som tilsett i banken vil du vere ein del av eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø med stor takhøgde. Vi kan tilby mykje gøy på jobben, spennande prosjekt, vidareutdanning og gode personal- og pensjonsordningar. I tillegg har vi hytteordning for tilsette både på fjellet, i byen og i utlandet.

Sparebank-SOF2

Likestilling - Sparebanken Sogn og Fjordane har som mål å vere ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i fylket. I dag er vi i landstoppen på kjønnsbalanse, derav del kvinner i leiarstillingar er 42%. Vi har fokus på å ivareta og utvikle mangfald i banken, både i kvardagen og i rekruttering.  

Kunnskapsdeling - utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling. Vi kan tilby støtte til utdanning og kurs. Sparebanken Sogn og Fjordane skal vere prega av ein kultur basert på læring, utvikling, samarbeid og open kommunikasjon.  

Lokal - Sparebanken Sogn og Fjordane har ein visjon om å vere ei drivkraft for fylket. Vi vekst nasjonalt, men forvaltar verdiane i Sogn og Fjordane. For oss er det viktig at overskotet til banken kjem lokalsamfunnet til gode i form av gåver- og sponsormidlar. 


Kven er vi?

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har ein forvaltningskapital på om lag 55 milliardar kroner. Vi er over 270 tilsette fordelt på 14 kontor. Sparebanken Sogn og Fjordane vekst nasjonalt, og i 2018 var 58 prosent av veksten til privatmarknaden utanfor fylket. 43 prosent av bustadlåna er no til kundar utanfor Sogn og Fjordane. 

DJI-0013

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.