Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet er eit statleg organ som omfattar to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.

Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spela til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for arbeidet vårt med marknadskontroll og speleåtferd, i tillegg til ansvar for den nasjonale kampfiksingseininga. Vidare forvaltar Lotteritilsynet den norske lotterimarknaden, har ansvar for ordninga med kompensasjon av meirverdiavgift til det frivillige Norge, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping.

Stiftelsestilsynet har tilsynsansvar for 6800 norske stiftelsar. 

Tilsynet held til i Førde, og vi har i dag totalt 73 tilsette. For meir informasjon om organisasjonen og oppgåvene våre, sjå www.lottstift.no.