Enivest
Enivest er den største kommunikasjonsaktøren heimehøyrande i Sogn og Fjordane.
Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet omsette over 142 millionar i 2017 og har i dag 50 tilsette med hovudkontor i Førde.
Vår største føremon er Enivest sitt solide og framtidsretta fibernett. I tillegg har vi kvalifiserte og dyktige medarbeidarar. Dette gjev oss eit unikt høve til å utvikle viktige og framtidsretta kommunikasjonsløysingar som stettar dagens og morgondagens krav for å oppretthalde eit tenestetilbod av høg kvalitet. Enivest har lykkast med å flytte både omsetnad, arbeidsplassar og kompetanse til området som ein før år 2000 ikkje hadde i fylket vårt.
Vi trur på breiband og Internett som eit eineståande verktøy og hjelpemiddel til å skape vekst, forretning og sterke relasjonar mellom folk og verksemder.
Våre kundar har stor nytte av vår lokale tilknyting og vi ønsker å bli oppfatta som fleksible, tilgjengelege og "til å prate med".
- Firdavegen 5, 6800 Førde, Norge 6800 Førde
- 570 09 100
- jobbsoknad@enivest.no
- http://www.enivest.no
- Førde kommune