Påmelding karrieremesse

Sogn og Fjordane Energi

SFE er den største energileverandøren i Sogn og Fjordane, og mellom dei store kraftselskapa på Vestlandet. Våre 250 engasjerte medarbeidarar jobbar i større fagmiljø innan elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir.

SFE sin visjon er «kraft til å påverke framtida». Denne fortel mykje om vår verksemd, vår rolle i samfunnet og vår verdiskaping for fellesskapet. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi, ansvar for over 4000 km linjenett og som ein engasjert leverandør av straum til husstandar og bedrifter over heile landet.