Enoro AS

Enoro AS er ein leiande leverandør av software og tenester for energibransjen i Norge og Norden. Sidan verksemda vart etablert i 1992, har vi bidrege til å gjere energibransjen stadig meir effektiv.

Enoro tilbyr innovative og kostnadsoptimale løysingar, tenester og tilleggsmodular innan ein brei verdikjede, som spenner langt utover det ein forstår som tradisjonelle kundeinformasjonssystem (KIS). Vi legg vekt på å forenkle samhøyrande komplekse prosessar utan å miste samanhengane. Programvara ElWin er i dag den mest moderne og fleksible på marknaden.

I dag består Enoro AS av over 140 høgkompetente medarbeidarar, som held til i toppmoderne lokale i Dale i Sunnfjord (hovudkontor), Hamar, Lillehammer og Trondheim. Mange av våre tilsette har bakgrunn frå ulike deler av verdikjeden i energibransjen, og supplert med høg IT-kompetanse har vi ei heilskapleg forståing som kjem kunden til gode. Enoro er opptatt av å ha ein nær dialog med kundane for å fange opp behov og ønske.