Hotel Alexandra

Hotel Alexandra var truleg det første turisthotellet på Vestlandet som la til rette for norsk trafikk og møte/konferansar. Ved å utvikle hotellet i tråd med dei krav som marknaden sette fekk vi tidleg ein betydeleg andel norske gjester.

Konsernet Alexandra har i dag totalt 337 rom med 700 senger, og er såleis den største hotellbedrifta på den vestlandske landsbygda. Konsernet har 100 000 gjestedøgn, 155 millionar kroner i omsetning, og talet på årsverk er 144.

Hotellet er ikkje med i nokon kjede, men har som målsetjing å vere eit frittståande, familiedrive hotell også i framtida.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.