Fresvik EnSpire skule AS

Fresvik EnSpire skule A/S er den tredje godkjende friskulen med entreprenørskap som profil. Skulen er under etablering etter å ha fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet for 15 elevar på 1. – 7. trinn. Oppstart hausten 2020 med atterhald om godkjend skulebygning og at ein har kvalifiserte lærarar. Skulen vil få statsstøtte og byggjer på godkjend læreplan for EnSpire skular. Vi ynskjer å vera ein skule for alle, og tek ikkje foreldrebetaling. Aldersblanda klasser der dynamikken mellom yngre og eldre elevar blir brukt som ein ressurs. 

Skulen ligg i Fresvik i Vik kommune i Vestland fylke, om lag 35 km frå Vik sentrum. Fresvik er ei jordbruksbygd med ca. 200 innbyggjarar. I bygda ligg Fresvik Produkt– ei moderne industribedrift for fryse- og kjøleteknologi med 40 – 50 tilsette.
Fresvik har eit sterkt organisasjonsliv, som er med på å byggja fellesskap og felles  identitet. Her er ein storslått natur med nærleik til både fjell og fjord, noko som gir høve til eit aktivt og rikt friluftsliv. Fresvik er ein av innfallsportane til Nærøyfjorden
Verdsarvområde. Musikkfestivalen Fres festival blir arrangert her.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.