Akvahub AS

Akvahub AS er ei felles forskings- og utviklingsavdeling for verksemder med tilknyting til havbruksnæringa. Sjølve verdiskapinga skjer i dei 7 eigarverksemdene, medan Akvahub si rolle er i forskings- og utviklingsfasen. Prosjekta som Akvahub engasjerer seg i skal bidra til ei meir berekraftig havbruksnæring.

Vi ynskjer å bidra til å utløyse utviklingspotensial ved å identifisere nyskapande moglegheiter hos eigarane våre. Vi organiserer og leiar utviklingsprosjekt og tilfører fagkompetanse på dei områda vi finn internt og nettverket vårt!

Og det heile skjer frå hovudkontoret vårt i Leirvik i ytre Sogn, samt frå distriktskontoret vårt sør i Bergen! Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om kva vi kan få til saman enten du er jobbsøkjar eller ei verksemd som satsar på havbruk!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.