Norsk Landbruksrådgiving Vest SA

Vi er den største landbruksfaglege rådgjevingsorganisasjonen på Vestlandet. Vår region strekker seg frå Sunnhordland til Sunnmøre. Vi har 32 rådgjevarar med ulik kompetanse som tilbyr bonden rådgjeving og kunnskapsformidling innan jord- og hagebruk, bygningsplanlegging, økonomi og næringsutvikling, HMS, miljø, kulturlandskap og økologisk landbruk. Vårt mål er å vere bonden sitt fyrsteval innan rådgjeving.

Vi formidlar fagkunnskap til beste for eit landbruk i utvikling. Vi er uavhengige og framtidsretta og byggjer rådgivinga vår på høg fagleg kompetanse og lokal kunnskap. Organisasjonen er bondeeigd og bondestyrt med årsmøtet som øvste organ. NLR Vest er del av NLR nasjonalt, som er ei landsdekkande rådgjevarteneste.

Sjå også

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.