Sogn-regionen

Sogn er størst av fire regionar i Sogn og Fjordane, og strekker seg rundt store delar av Sognefjorden. Under to prosent er dyrka areal, så det er ikkje rart friluftsentusiastar frå heile verda kjem hit. Det er mykje urørt natur og høge fjelltoppar med majestetisk utsikt over fjorden. Visste du at Vindreken i Balestrand er det fjellet i Noreg som er måla av flest kunstnarar? Du finn òg det høgaste fjellet på Vestlandet, Storen på 2405 moh. Sogn er utan tvil ei perle for dei som vil sykle, klatre, stå på ski, padle og vandre i fjellet. 

Sogn satsar på innovasjon. Med eit nytt innovasjonsbygg opna i Sogndal i 2017, set vi vår lit til eit aukande antal gründerar. Og fleire gründerbedrifter har hatt ein enorm vekst. Sjå på teknologibedrifta Highsoft, som har både Facebook og Microsoft på kundelista, og robotikk-bedriftene nLink og Rocketfarm, som til saman har vekse til over 30 tilsette.

Visste du at Sogn har eit av dei sterkaste miljøa for klimaforsking i Noreg? Mange av solcellene i verda vert laga av silisiumskiver produsert i Årdal. Samstundes held industribedrifter innan havbruk og aluminium fram som dei største bedriftene i regionen. I Vik vert det produsert autovern nytta på norske vegar, og i Gaupne har vi ei bedrift som produserer merka du ser på fotballdrakta til Messi og resten av FC Barcelona!

Er du glad i festivalar, vil du ikkje kjede deg i Sogn. Fjellsportfestivalen i Sogndal samlar skientusiastar frå heile verda, medan fleire hundre musikkglade menneske drar til Balejazz i Balestrand kvar mai. I løpet av sommaren kan du oppleve Målrock i Årdal og Fres Festival i Fresvik. Dette er verkeleg naturskjøne festivalar.

Og så har vi fotball og saft her i Sogn, mykje bær og uimotståelege lustrabuibollar. Og ein høgskulekantine som bygger ein møteplass utanom det vanlege: Du finn næringsliv, studentar, forskarar og fotballspelarar rundt same bord. Det blir ikkje kjedeleg i Sogn.

Men du, skal du bu her, må du lære deg eit viktig uttrykk: Stao no pao!


Sjå filmen Kom til Sogn her.



Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.