Påmelding karrieremesse S6tufv4zogn1obccifim

Brødrene Aa AS

Brødrene Aa AS

Ynskjer du å jobbe for ei bedrift som er stor nok til å kunne kalle seg verdsleiande innan sitt felt, men som samtidig er lita nok til å bry seg om sine tilsette og om samfunnet rundt seg? Ynskjer du å jobbe for ei bedrift med ei spennande historie som vitnar om stor omstillingsevne? Eller ynskjer du kanskje å jobbe for ei bedrift som har klima og miljø høgt oppe på agendaen, og som kontinuerleg jobbar for å utvikle sitt produkt og sine produksjonsmetodar? Då kan Brødrene Aa vere arbeidsgjevaren du ser etter.

Brødrene Aa er ei verdsleiande bedrift innan design og produksjon av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Dei sterke og lette hurtigbåtane produsert i Hyen har den siste tida fått stor merksemd også utanfor Norges landegrense. Dette har ført til at Brødrene Aa no satsar på ein internasjonal ekspansjon spesielt retta mot Kina og USA. 

Er du interessert? Følg med på stillingslysingar som blir publisert framover, eller send oss ein open søknad.