iVest Consult as

iVest Consult AS er eit rådgjevande ingeniør og arkitektselskap, som driv med fleirfagleg rådgjeving innan bygningar, anlegg, infrastruktur, arealplan, miljø, energi og vasskraft. iVest Consult er eigd av dei tilsette og er eit selskap med fagleg dyktige menneske i kontinuerleg utvikling.

Selskapet har pr. i dag 34 fast tilsette og utgjer eit betydeleg kompetansemiljø i vårt distrikt. Vi har oppdrag langt utover vårt nærområde og deltek i prosjekteringsgrupper på fleire større prosjekt.

Vi held til i Sentrum av Florø, der vi har kontor i 3. etasje og 4. etasje av Strandgata 15 og 17 i eit spanande fagmiljø med reklamebyrå, advokatar, finans, rekneskap, fiskeri og havbruk m.m., og med hamna som nærmaste nabo. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.