Påmelding karrieremesse

Byggmester Stølsvik

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift som held til i sentrum av Førde. Bedrifta vart etablert i 1979 og består i dag av 37 godt kvalifiserte medarbeidarar. Vi utfører små og store oppdrag for privatmarknaden, offentlege bedrifter og næringslivet i Førde og omegn.

Lang erfaring og lokal kompetanse gjer Byggmester Stølsvik AS til eit trygt val anten du skal byggje nytt eller rehabilitere eldre bygg. Vi har breitt fokus på fagkunnskap, og er opptatt av å vere i stadig utvikling. Fleire av medarbeidarane våre har difor spesialisert seg innan ulike fagfelt som radontiltak og ENØK. Vi utfører også uavhengig kontroll for bedrifter. Siste skot på stammen er dei to interiørmedarbeidarane våre, som kan gje gode råd i forbindelse med planløysingar og materialval.

Vi har spisskompetanse på større prosjekt, og har dei siste åra bygd fleire moderne leilegheitskompleks. Dette er ledd i ein sunn bustadpolitikk for framtida, og vi er glade for å få vere med på å utvikle bybildet på ein positiv måte. Vi er takknemleg for alle dei fine tilbakemeldingane vi har fått frå kundane våre og andre som har fulgt med på prosjekta, og tar med oss alle erfaringane når vi no er i gong med eit nytt og spennande bustadfelt i Pinndalen i Førde.

Byggmester Stølsvik AS er medlem av Mesterhus, som har vore landets største huskjede heile 14 år på rad! Kjeden sit såleis på solid kunnskap om kva som er viktig for dagens husbyggjarar, og dette er ein tryggleik både for oss og kundane våre. Det er ei målsetjing at byggjeprosessen skal vere forutsigbar for kunden frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det er difor Mesterhus har slagordet: - det blir som avtalt! Som del av kjeden har vi tilgang til ein stor teikningsbank med meir enn 400 hus og hytter, så sjansen er stor for at du vil finne draumehuset hos oss!

Fwcmtf8drwniiuqnimkc