Påmelding karrieremesse

Melin Medical

Melin Medicals gründereventyr starta i 2009, då Dr. Jesper Melin såg at mykje tid på legekontoret gjekk med til administrative oppgåver. Han fikk ideen om at dersom vi lar pasientane ta større ansvar for eigen administrasjon, frigjerast mykje tid for helsepersonalet. Tid som kan brukast til det som faktisk betyr noko på eit legekontor - behandling av pasientar.

Melin Medical er eit spennande firma i sterk vekst, og vårt mål er å tenke nytt i ein tradisjonell bransje. Dette har blant anna ført til at vi vart årets gründerbedrift i 2013 og gassellevinner i Sogn og Fjordane i 2016.

Vi er ei bedrift med offensive og engasjerte medarbeidarar som er stolte av vårt varemerke. Vi er opptatt av å oppretthalde eit ungt og utviklande miljø, i tillegg til å ha positive tilsette som er med på å skape god stemning på arbeidsplassen. No søkjer vi nettopp deg til å bli med oss vidare!

I Melin Medical har vi eit kreativt og dynamisk miljø med brei fagleg kompetanse og med god plass for å utvikle og utfolde seg. Hos oss skal du føle at din kompetanse blir både ivaretatt og utfordra.