Deloitte AS

Deloitte er eit marknadsleiande selskap  som leverer revisjon, advokattenester, finansiell rådgjeving, risikoanalysar og konsulenttenester. Vi etterstreber å hjelpe kundane våre med å realisere ambisjonane deira, skape ein skilnad i samfunnet, og utnytte potensiale i våre tilsette. I Noreg er vi 1300 tilsette ved 20 kontor. Globalt har Deloitte 245.000 tilsette i over 150 land.

Vi har hovudkontor i Oslo og kontor i Bergen, Nordhordaland, Drammen, Florø, Førde, Gjøvik, Hamar, Grenland, Fagernes, Haugesund, Lyngdal, Kristiansand, Grimstad, Gran, Sogndal, Stavanger, Trondheim, Steinkjer og Tønsberg.

På våre tre kontor i Sogn og Fjordane er vi 39 tilsette som arbeider innan revisjon og rådgjeving.

Advokattenester vert levert frå Deloitte Advokatfirma, som er eit av Noregs største forretningsjuridiske advokatfirma med over 200 profesjonelle advokatar- og fullmektige.