Industrivegen 22
Vidar Nyhammer
90806607
NCMT er ei næringsklynge for den norske plast- og komposittindustrien.
Vi ser på oss sjølve som eit innovasjonssystem som legg til rette for aktivitet og samarbeid for omstilling og utvikling. Derfor har vi både bedrifter, universitet, organisasjonar, forskingsinstitutt og offentlege aktørar som medlemmar og samarbeidspartnarar.
Målet er å akselerere omstillinga til sirkulære verdikjedar og bryte ned barrierar for utvikling gjennom å knyte saman kompetansen og ressursane i nettverket, og legge til rette for dialog og samarbeid.
NCMT held til i eit lite koseleg kontorfellesskap i den vesle fjordlandsbyen Sandane i Nordfjord. Då klynga er relativt ny, har vi berre ein tilsett, og han synes arbeidsmiljøet er strålande.
Men i løpet av hausten 2022 skal vi tilsette ein ny person (kanskje deg?) som også vil få tilhaldsstad i det same kontorfellesskapet. Her sit det nokre andre frå tech-bedrifter rundt omkring i landet, og vi har det stort sett veldig sosialt og kjekt. Atmosfæren er uformell og behageleg.
Etter kvart som NCMT veks og vi utvidar organisasjonen, vil vi alltid prøve å halde på den enkle strukturen, den uformelle samhandlinga og fokuset på at trivsel på jobb legg grunnlaget for motivasjon og godt arbeid.