Gulen kommune

Gulen kommune

Eivindvikvegen 1119
5966 Eivindvik

http://www.gulen.kommune.no

mona.molland@gulen.kommune.no

Kontakt

577 82 000

Om oss

Kystkommunen Gulen ligg heilt sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland, og mellom Sognefjorden og Fensfjorden. Kommunen har om lag 2300 innbyggjarar. Kommunen har 4 skulekrinsar; Brekke, Byrknad, Dalsøyra og Eivindvik.

Gulen har ein variert og spennande natur med rundt 1500 øyar, holmar og skjer, og eit fastland som er prega av små dalføre på kryss og tvers i landskapet. Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust.

Kommunen har eit rikt næringsliv som stekk seg frå primærnæringar som landbruk, fiske, oppdrett og skog, til næringar innan shipping/offshore og småbedrifter med eit breitt nedslagsfelt. Sløvåg-område er peika ut som eit av satsingsområda for ny industri i fylket.

Gulen vert eit stadig meir populært reisemål. I Ytre Gulen kan du oppleve rorbu- og fiskeferie i vakker skjergard. Innover i kommunen vert det òg satsa på turisme basert på natur og friluftsopplevingar.

Kvart år blir den populære Utkantfestivalen arrangert på Skjerjehamn. Musikkarrangementet trekk til seg entusiastiske festivaldeltakarar i alle aldrar. I Eivindvik kan du vitje den autentiske tingstaden http://www.gulatinget.no/, der det angliske korset frå 900 talet markerer plassen der Gulatinget først var samla

Kommunikasjonane nord- og sørover er gode. Frå kommunegrensa i sør er reisetida omlag 1 time med bil til Bergen, medan det tek under 1½t å køyre til Bergen eller Førde frå Oppedal fergekai nordaust i kommunen. Snøggbåtar tek deg trygt og raskt til Bergen, Fjordane og Indre Sogn.

Gulen kommune er ein del av merkevara Visit FjordKysten. Følg lenka for å sjå meir om aktivitetar, naturen og attraksjonane på kysten av Sogn og Fjordane.


Velkommen til Gulen!




Ledige stillingar